Forunderlig at det gikk såpass godt med de norske soldatene i krigen i 1814, dårlig trent og utrusta som de var, og sultne støtt - og likevel så vant de norske, både ved Lier og Matrand og Langnes, og tapene var omtrent like store på norsk som på svensk side, enda det var 45 000 svenske soldater med en Napoleonsgeneral i spissen, mot 30 000 nordmenn og en skjørtekonge.
Mange mente at det var fordi de norske fikk hjælp ifra det andre folket, huldre-folket, de som holder tel under jorda. Det var mange det, som hadde sett og hørt huldre-hæren marsjere med tamburer med slåttetrommer og pibere med fløyter og hornblæsere med blanke signalhorn, og både hestefolk og fotfolk i full mundur med mørkeblå uniformer og blinkende sabler og like mange gullsnorer som det norske befalet. Særlig var det en trommeslått som en kunne høre når huldre-folket marsjerte til fronten, og det var Dyste-marsjen, marsjen tel Dyste-kongen, han som var kongen over huldrefolket. Når en hørte den, da varsla det ufred, for huldrehæren marsjerte tidligere enn folk.
Huldrene var med i krigen, fra Sogn og Fjordane
Dei fortel, at når det var krig, var huldrene med. I Luster skulde dei høyra trumbeslåtten deira ut gjenom fjorden, når dei drog ut. Når krigen var slutt, høyrde dei trumbeslåtten kom innetter fjorden. Dei var dei fyrste som drog ut i krigen, og dei fyrste som kom att. Svenskane skulde ha sagt at nordmennene var fleire i røyndi enn i syndi.
Eingong var det dans på Langateig. Det var nett fyre ufreden i 1807. So var det nokre som gjekk ut or dansestova. Då høyrde dei trumbeslått frametter fjellbruni. Mannen i huset gjekk då innatt i dansestova og sa: "No er det ikkje lenge fyrr det vert ufred." Dagen etter kom utkommanderingi.
Dystetrommen, fra Buskerud
Paa Toten er der en Gaard hedder Dyste. I Nærheden af den er der en stor Haug, hvorfra de Underjordiske eller Haugfolket i gamle Dage – ja vel nok endda, om der kom noget galt paa for Land og Rike – i Krigs- og Ufredstider rykkede ud med en Krigsmagt, som tog Vejen udover Hadeland, langs østre Siden af Ringerike, og Krogkleven og videre indover did hvor man i den Tid holdt Basketag med Svensken, saasom Kjølberg Bro, Onstads Sund og flere Steder.
Denne de Underjordiskes Udrykning skal bestandig, efter hvad gamle Folk paa Ringerike kunde fortælle, have foregaaet saa en 8 Dages Tid før de almindelige Krigsfolk maatte afsted, og man hørte da en dump Lyd af en ordentlig Krigsmarsch, bare ikke fuldt saa skraldende som af en almindelig Tromme; men lagde man sig ned paa Marken med Øret til Jorden, hørtes den ganske som en almindelig Marsch. Og det kunde ogsaa hænde at der var mere end bare Trommen at fornemme.
Saaledes hændte det i 1814, da nok Krigsmagten maatte rykke ud ovenfra her midt paa Vinteren, at et Par troværdige Fiskere med sine egne Øjne tydelig saa hele Rækker Geværer med Bajonetter paa ude paa Stensisen. Dette var nok under en Hvil for de hørte først Trommen en Stund efter, og det var vel da de begyndte at marschere igjen. Men ingen Folk var efter Fiskernes Forklaring at se.
Naar der saa blev Fred og Vaabenstilstand, kunde man høre Trommen en Tid i Forvejen, før de almindelige Soldater kom, at passere den samme Vej som paa Udturen. Paa Hjemturen sagde de Gamle at der brugtes en anden Marsch med lidt livligere Takt i. Min Bedstefader kunde fortælle at det havde sig saa med Dystetrommen al hans Tid, lige fra de Norske laa i Holsten.
Da Bondekrigen var – nogle Aar efter 1814 – fortalte en Mand hedte Paal, som boede paa Krogkleven og derfor kaldtes Paal Kleven, og som var en troværdig Mand, til baade mig og flere, at han grangivelig med sine egne Øren, 8 Dage før Kaptejn Tofte kom til Sundvolden med Modums Kompagni for at holde Kustus paa Hallingerne, som dengang nok vilde ind til Byen og jage Storthinget af Gaarde, at Dystetrommen gik op Kleven saa det gav Ekko i Kuberget, og ikke mange Dage efter for den udover Kleven igjen med samme Spektakel, fordi det ikke blev videre af med hele Bondekrigen. Saa var det stilt med Dystetrommen i mange Aar, indtil Tranekrigen brød løs. Da skulde man tydelig en Søndagsmorgen have hørt den paa Ringaasen tæt ved Norderhov Kirke 8 Dage i Forvejen, og man paastod at den da vendte om der og drog op igjen. Dette var jo ogsaa rimeligt, eftersom hele Krigen blev afgjort paa Ringerike.
Huldresoldatar, Vestre Slidre, Oppland
Daa det skulde bli krig i 1814, vart Mikjel Snortheim, godfar aat mannen min, var noko underleg paa støl'n Nøs'n. Ein gong dei var paa stølen, vart dei vare ei heil krigsmakt for etter Nøsakompe. Det var fotfolk og hestfolk. Dei høyrde det skrapp i hesteskorne, og det blinka taa sabillane. Dette saag dei ei lang stund; men daa dei kasta augo taa det, vart det burte. Det var nok ei underjordisk armei som skulde stad hjelpe dei norske.
Dyste-tromma fra Kolbu, Oppland etter Agnes Dyste
Segner om Dyste-tromma er det i alle Valdres-bygder. Dei gamle høyrde ho når krig var i vente. Då ramla Dyste-tromma etter åsane. Sume såg store herar av underjordiske herfolk som rykte ut til strid. I stram marsj bar det ut etter dalen mot svenskegrensa. Dyste-tromma var med so det vart takt i gonga. Når det gjekk so vel i krigane, var det huldrakarane som flokka seg om Dyste-tromma, å takke. Dei ytte opp svenske-børsone, so svensken skaut over. Dei nuppa den norske guten over ende, so han ikkje vart råka. Dei ordna alt, so sigeren var viss.
Ordet «Dyste-tromma» må vera kome frå garden Dyste i Kolbu på Toten. På Dyste hadde herfolki til dei usynlege mest som ein samlingsplass. På ei slette litt nedafor Dyste-husi dreiv dei herøvingane sine. Tromma hadde dei i ein gamal bygning på Dyste, i kjellaren.
Ein gong var det ein mann som såg huldre-tassane eksere på denne sletta. Det var samla ein diger her med småkarar. Alle hadde myrkeblå uniform. Og Dyste-tromma let alt i eitt. No er Dyste delt i fire gardar, men frå gamalt var det berre ein. På ein tå desse gardane var Hans Dyste bonde frå 1845-1888. I 1848, eller kan hende det var i 1864, vart han utsagd til vera med i den dansk-tyske krigen. Ein dag straks før sat han og huslyden hans i ro og mak inne i stoga. Med eitt fekk dei høyre ei merkeleg tromming. Ljoden var so sterk at omnsdørene skrangla. Litt etter kom omgangsskulehaldaren inn. Men han hadde ingen ting høyrt. Dyste-tromma hadde nok varsla krigen. Dei usynlege var karar som mobliserte tidsnok!
Ein gong gjekk ein Kolbu-gut, som hadde vore med i krigen, ned med elvi og fiska. Med det same han skulde hale opp ein diger aure, stod det ein liten tass ned med han i full uniform. Han tok opp ei børsekule or lumma og sa: «Kjem du i hau' de slage som sto i den skauen?» Han nemnde namnet, han, men det har eg gløymt. Jau, guten kom i hug alt tassen spurde etter.
«Ja, denni kula var de nokk du som skulle hatt, men je tok 'a for dig, je!» sa tassen. Med so sagt, vart han borte som dogg for sol.
Dei små militær-tassane tok mot dei kulone som var tiltenkt dei norske soldatane.
Haugatyet var med i krigen og, fra Etnedalen i Oppland
Du har vel høyrt gjete Dyste-trumma? Eit år før ei krig skulde ta te, høyrde dei i gamal tid Dystetrumma gjekk ut. Og ei stund før det blir fredsslutning, kjem ho att.
Det er sagt at det skulde ha vore ein kraftig tambur den Dyste-tamburen. Ein gong han kom heimatt etter krigen, hadde mannen på Dyste vore ute og høyrt han. Då hadde han tykt han hadde slege for dårleg. "Du få slå lite harare, so mø få høre det," sa'n. Men då hadde nok tamburen slege sterkt nok.
Han slo so glasrutone på Dyste røste. Slik er det sagt.
Haugafølkje rusta seg tel krig, fra Elverum
«Ve Trangen fekk normenna hjelp tå haugfølke,» sa ho Guri Volla. Haugfølke ruste seg tel kria. Ho Guri hørde at døm marsjerte frå Bronkeberje klokka fire om mårrån. Ho hørde så tydeli tromma å marsjen. Døm marsjerte i åtte fulle jamdøger. Døm spelte en marsj som vart kalt Dystkong-marsjen. Dystkongen er konge åver haugfølke.
Sagnene er fra Eventyr og sagn UiO. Her kan du høre tre trommeslåtter på youtube. På hjemmesiden til Kjell Tore Innervik finner du flere musikkeksempeler og interessant lesning. Her spiller han på youtube.
Bildet av militærtromma fra Hadeland er fra Digitalt Museum.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar